FAGLITTERATUR / Teaterleksikon / V

(annonse)

Denne side endret
25. juli 2006

HOVEDSIDE
Om Teaternett
FAGLITTERATUR
Teaterleksikon
Bibliotek
SØK



Teaterleksikon

<< Tilbake 

  Fram >>

V

Verne, Jules Gabriel

Del artikkelen |

Fødd 8. februar 1828 på øya Feydeua utanfor Nantes, Frankrike. Død 24. mars 1905 i Amiens, Frankrike.

Fransk dramatikar, teaterarbeidar og forfattar. Mest kjent som forfattar og grunnleggjar av moderne science fiction. Verne skreiv og fekk oppført fleire drama i samtida, komedier og operetter. Samanlikna med den enorme populariteten til kjende og filmatiserte romanar som Den løyndomsfulle øya, Jorda rundt på 80 dagar, Ei ferd rundt månen, Tsarens kurer og Ei verdsomsegling under havet har desse ikkje blitt interessante for ettertida.

Etter premieren på skodespelet Onze jours de siège i juni 1861 reiste Verne på ferie til Noreg, ei vitjing vi finn spor av i fleire verk. Erfaringane han hadde frå teatret finn vi mellom anna i den lite kjende, men fornøyelege romanen Dr Ox' idé, der ein oppfinnar prøvar ut ein ny gass i eit teater.

Jules Verne har fått kritikk for at personane i verka hans er eindimensjonale og overflatiske. Dette gjev på den andre sida stort spelerom for skodespelarar når dei skal tolke rollene, på film eller scene.

Litteratur:
Bing, Jon og Bringsværd, Tor Åge: Fantasten i tårnet. Etterord til Verne, Jules: Den hemmelighetsfulle øya. ISBN 82-525-0412-4.
Verne, Jules: En verdensomseiling under havet. Dr. Ox' ide. Den Norske Bokklubben 1977. Bind 3 i grønn samleutgave. ISBN 85-525-0410-8

Relatert Link:
Wikipedia: Jules Gabriel Verne
Encyclopedia Britannica: Jules Verne

<< Tilbake 

  Fram >>

 

A  B  C  D  E  F  G  H  I   J  K  L  M  N  O  P  Q  R  S  T  U  V  W  X  Y  Z  Æ  Ø  Å  



Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no