|  |  |  |  | 
      
        | Teaterleksikon | << Tilbake  | Fram
        >> |  B 
      
        | ballett |  
        | frå 
        italiensk, balletto, ”liten dans”. Ballett er ein
        scenisk dans som 
        utvikla seg frå hoffdansane i barokken. Det vert sagt at italienaren 
        Domenico de Piacenza (1390-1470) første gong nytta uttrykket ballo, 
        istadenfor det til då vanlege danza om sine dansenummer. I 1581 vart 
        boka Il Ballarino av Fabritio Caroso publisert, som instruksjonsbok i 
        ballett. Same år viste Balthasar de Beaujoyeulx Le Ballet Comique de la 
        Reine som den første teaterballetten. Italia var sentrum for balletten i tidlegbarokken. Då balletten kom til Frankrike utvikla kunstforma seg 
        sterkt under Ludvig 14. som sjølv var dansar. Ludvig 14. etablerte 
        Académie Royale de Danse i 1661 som den første utdanningsinstitusjonen 
        for ballett i Europa. Frå Frankrike spreidde balletten seg utover heile 
        Europa, saman med opera og etterkvart som sjølvstendig teaterdans. 
        Sentrale personar i utviklinga av balletten er Pierre Beauchamps, 
        John Weaver, Jean-Georges Noverre, 
        Marie Taglioni, Isadora Duncan, Sergey 
        Diaghilev, Rudolf Laban og Martha Graham. 
 
 |    
 Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
    under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
 
 |  |  |