|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon
|
<< Tilbake |
Fram >> |
M
| Machiavelli, Niccolò |
Italiensk dramatikar,
forfattar og politikar. Fødd 3. mai 1469 i Firenze,
Italia. Død 21. juni 1527 i Firenze. Skreiv komedien La Mandragola (Alrunen) i 1518. Mest
kjent for boka Il principe (Fyrsten) utgitt i 1514 tileigna Lorenzo Medici.
I Fyrsten legg Machiavelli fram ei oppskrift på ein omsynslaus maktpolitikk for å
frigjere og samle Italia og byggjer opp under framstillinga med eksempel frå antikken og
samtida.
Machiavelli omtalar teater slik i Fyrsten:
"Dessuten bør han (fyrsten, red.anm) til passende tider på året
sysselsette folk med fester og skuespill. Da enhver by er delt i laug eller klasser, må
han ta hensyn til disse fellesskap og imellom ta del i deres sammenkomster, gi bevis for
folkelighet og godgjørenhet, og allikevel alltid hevde sin høye stillings majestet - den
må aldri savnes." (Machiavelli 1967:86)
Machiavelli leverer mange av premissane for det seinare eineveldet, og dermed dei offisielle teaterformene som fylgjer av dette. Mellom
anna akseteatret med sentralperspektivet, der alle uttrykk frå scenen
er innretta mot den eineveldige fyrsten som den opphøgde og priviligerte tilskodar.
Ludvig 14. i Frankrike er kanskje det fremste av mange døme på dette.
Fyrsten har blitt ståande som eit sentralt kulturhistorisk dokument og kan sporast
som referanse mellom anna hos Shakespeare. Personen
Machiavelli og hans liv og lagnad er motiv i dramaet Mot karneval av den norske
forfattaren Hans E. Kinck.
Litteratur:
Niccolò Machiavelli: Fyrsten. Dreyer 1967
Stein Willumsen Kippersund: Avtrykk i Fyrstens
skygge. Teaternett.no, Hamar 2010.
Relatert
link:
Maktens
mann Av Inger Merete Hobbelstad. dagbladet.no 20. mars 2013. |
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|