|
|
|
 |
 |
| Teaterleksikon |
<<
Tilbake |
Fram
>> |
V
|
Verne, Jules Gabriel |
Fødd 8. februar 1828 på øya
Feydeua utanfor Nantes, Frankrike. Død 24.
mars 1905 i Amiens,
Frankrike.
Fransk dramatikar,
teaterarbeidar og forfattar. Mest kjent
som forfattar og grunnleggjar av moderne science fiction. Verne skreiv
og fekk oppført fleire drama i samtida,
komedier og
operetter. Samanlikna med den enorme populariteten til kjende og
filmatiserte romanar som Den løyndomsfulle øya, Jorda rundt på 80
dagar, Ei ferd rundt månen, Tsarens kurer og Ei verdsomsegling
under havet har desse ikkje blitt interessante for ettertida.
Etter premieren på skodespelet Onze jours de siège i juni 1861
reiste Verne på ferie til Noreg, ei vitjing vi finn spor av i fleire
verk. Erfaringane han hadde frå teatret finn vi mellom anna i den lite
kjende, men fornøyelege romanen Dr Ox' idé, der ein oppfinnar
prøvar ut ein ny gass i eit teater.
Jules Verne har fått kritikk for at personane i verka hans er
eindimensjonale og overflatiske. Dette gjev på den andre sida stort
spelerom for skodespelarar når dei
skal tolke rollene, på film eller scene.
Litteratur:
Bing, Jon
og Bringsværd, Tor Åge: Fantasten i tårnet. Etterord til
Verne, Jules: Den hemmelighetsfulle øya. ISBN
82-525-0412-4.
Verne, Jules: En verdensomseiling under havet. Dr. Ox' ide. Den
Norske Bokklubben 1977. Bind 3 i grønn samleutgave. ISBN 85-525-0410-8
Relatert Link:
Wikipedia:
Jules Gabriel Verne
Encyclopedia Britannica:
Jules Verne |
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff,
begreper og navn under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips!
Vår adresse er: teaternett@teaternett.no
|
|
|