AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
25. oktober 2000

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Arkiv
SØK



Nynorsk teaterskule
TIL ØRSTA/VOLDA?

Nynorskforfattaren Jon Fosse fekk nyleg den austerrikske Nestrey-prisen for sitt forfattarskap. Mange meiner Jon Fosse er den største norske dramatikar etter Henrik Ibsen. Utan tvil har han gjort ein stor innsats for nynorsk som dramatisk språk. Og no vil Møre og Romsdal fylkeskommune ha ein teaterskule til Ivar Aasens heimetrakter, melder avisa Mørenytt. 

Det var ved revisjonen av kulturplanen for fylket at det lukkast fleire politikarar å få inn eit punkt om fylkeskommunalt engasjement for ein teaterhøgskule i Volda og Ørsta. Tanken var å leggje opp teaterskulen som eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda og det nybygde Ivar Aasen-senteret i Hovdebygda.

Teaterfagleg kompetanse
- Meininga med ein slik nynorsk teaterhøgskule er ikkje berre å utdanne skodespelarar og regissørar, men å gjere utdanninga spesiell med også å knytte ho til allmennlærarutdanninga og dramalina som er der, seier fylkestingsrepresentant for SV, Jan Magne Dahle til avisa Mørenytt. - Målet vårt er m.a. å få utdanna teaterfagleg kompetanse knytt til skuleverket og det frivillige teatermiljøet i distrikta.

Saman med fylkestingsrepresentant for KrF, Reidun Vigestad Berge, tar Dahle sterk avstand frå Sunnmørslista, FrP og nokre Høgre-representantar som freista å ta vekk punktet om teaterhøgskulen frå planen. Framlegget om å fjerne teaterhøgskulen frå planen vart nedstemt.

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no