|
|
|
 |
 |
Norén
i Oslo:
Igang med NOVEMBER
Medan november på Austlandet slår alle nedbørsrekordar, 180 millimeter
til no, er den svenske dramatikaren Lars Norén tørt og varmt innstallert
på Det Norske Teatret. Prøvene har byrja med det siste stykket hans: November.
12. januar skal alt vere klart for premiere.
- Folk kjem til å verte overraska når dei ser framsyninga, seier han i
eit intervju med Dagbladets Hans Rossiné. Ifylgje avisa har han sjølv
plukka ut skodespelarane: Kirsti Stubø, Britt Langlie, Ole Johan
Skjelbred-Knudsen og Bjørn Floberg.
Kjempegode skodespelarar
- Det er fire fantastiske skodespelarar, seier dramatikaren og
instruktøren til Dagbladet. - Vi har nettopp byrja leseprøvene, og eg
tykkjer vi er eit bra team. Eg jobbar ein del med å finne skodespelarar
som har ein rikdom dei kan spele ut, og eg føler eg har funne dei her. Eg
likar ikkje skodespelarar som er blitt for kjente. Dei får noko over
ansiktet, ei slags maske som gjer at dei taper noko. Men desse fire, dei
er kjempegode.
Til Dagbladet fortel Norén at stykket byrja med at han fekk dei første
replikkane i hovudet. Det skjer ofte slik, han høyrer ein replikk på
bussen eller på gata og byrjar å spinne vidare derifrå.
50 skodespel
Norén debuterte som dramatikar i 1973 med Fürsteslickaren.
Ni år seinare fekk han gjennombrot med Natten er dagens mor.
I Sju tre let Norén fangar med nazisympatier få kome
fram på scenen med synspunkta sine. To av desse fangane rømde seinare og
drap to politimenn under eit bankran. I fjor haust vart stykket Personkrins
3:1 spela på Det Norske Teatret og vart teke godt imot.Til no
har Norén skrive over 50 skodespel og stykka hans vert spelt over heile
verda.
Til Dagbladet seier Norén at dersom han sjølv skulle stå på scenen
ville han helst spele læraren Medvedenko i Tsjekhovs Måken, eller
tittelrolla i Molieres Don Juan!
Relaterte linkar:
En
helt ny Norén Av Hans Rossiné. Dagbladet 19. november 2000
NYHETER MELDINGER
Teaternett
formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår
epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|