AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
4. januar 2001

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Arkiv
SØK



BETRE TIDER for Teatret Vårt

Teatersjef Carl Morten Amundsen kan puste letta ut etter sitt første heile år i sjefsstolen ved Møre og Romsdal Regionteater. 8000 fleire tilskodarar (40 prosent) vitja teatret i 2000 samanlikna med 1999 melder Sunmørsposten. I alt hadde teatret 28 000 besøk på framsyningane sine ifjor. I 1999 ville dette ha flytta teatret frå tolvte til tiande plass mellom dei best besøkte institusjonsteatra i Noreg.

Det er Karlsson på taket som må ta hovedæra for det gode resultatet. Meir enn halvparten av besøket (14 500) kom frå denne framsyninga. Og den ferske teatersjefen er godt nøgd:

- Berre ei framsyning i Teatret Vårt si historie har spelt for eit større publikum. Det var ei dramatisering av brødrene Grimms Snehvit og de syv dvergene i 1977. Så det er klart vi er fornøgde, seier Amundsen til Sunmørsposten i sin kommentar til dei foreløpige tala.

Store turnékostnader
Kostnadene ved å turnere gjer likevel at han tvilar på at gevinsten blir så stor økonomisk. Alle framsyningane til teatret har heller ikke gått like bra: Lykkeland med Erik Hivju i hovudrolla måtte spele for halvtomme stolrader under turneen, melder Sunmørsposten.

- Denne oppsetjinga gjekk godt i Molde, men svært dårleg på turné. Men det er slikt vi må rekne med, seier teatersjefen til avisa.

Relatert link:
Karlsson på taket sikra suksessen Av Birgit Vartdal. Sunmørsposten, 4. januar 2001


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no