|
|
|
 |
 |
-
EIT EUROPEISK MIRAKEL
-
Jon Fosse er eit europeisk mirakel, seier Berit Gullberg, leiar for det
svenske teaterforlaget Columbine i eit intervju med Dagens Nyheter. Ho
meiner at nordmennene ligg langt framme med sin dramatikk, og undrar seg
litt over at det ikkje fins eit eige norsk teaterforlag. Sjølv har ho
hatt Fosse i stallen sidan 1995.
I Sverige vert det skrive meir dramatikk enn nokon gong før,
skriv Dagens Nyheter. Dei som før skreiv poesi for skrivebordsskuffen
skriv no teaterstykke som dei sender inn til teatra. Berre Dramaten får
inn rundt 1000 manus i året, og det svenske Radioteatret eitt stykke kvar
einaste dag.
I 1993 stifta Berit Gullberg teaterforlaget Columbine. Namnet kjenner nok
mange frå den italienske Commedia dell'Arte, den frodige kvinnelege zanni.
Idag har Gullberg omlag 200 forfattarnamn på lista si, og rundt 1000
titlar.
- Å vere teaterforleggar er Sveriges mest ukjende kulturgjerning, seier
ho til Dagens Nyheter. - Eg har vanskar med å forklare kva eg gjer,
sjølv til venene mine. Det burde kanskje heller heite teateragentur.
Pressesjef på Dramaten
Ho har sjølv eit forfattarskap bak seg: To romanar, ei novellesamling, ei
diktsamling og ein antologi om skodespelarkunst.
Gullberg tek seg av dramatikarane sine, les dei nye stykka, diskuterer og
kommenterer dei. Ho har 20 år bak seg som pressesjef ved Dramaten, og
kjenner dei fleste som tel i den svenske teaterverda. Og det var tre
dramatikarar som ba henne om å starte eit forlag.
Stort behov for dialog
- Det fins få stader for kunstnarlege diskusjonar utanfor teatra. Dei
fleste frilansregissørar har ingen sjansar til å kome inn på teatra og
vere med på samtalane der, seier ho til Dagens Nyheter. - Samstundes
vitnar all den nyskrivne dramatikken om at behovet for dialog er stort,
mellom forfattarar, skodespelarar og publikum.
Ho er prosess-orientert i møte med forfattarane:
- Av og til kjem nokon med eit gåverikt manuskript som ikkje er ferdig.
Då kan vi seie: Kom attende, vi fylgjer skrivinga di, vi trur at du kan
utvikle deg, fortel Gullberg.
Dramatisk kvalitet
Og av og til er det berre litt hjelp som skal til for at eit stykke skal
bli ferdig. Elles har Gullberg klare kjennemerke på kva som er dramatisk
kvalitet, eit bra språk, ein livfull dialog, eit emne som kjennes viktig.
Kvalitet merkar ein direkte, meiner ho.
- Det går veldig fort å kome inn i eit bra teaterstykke, seier ho til
Dagens Nyheter. - Etter ti sider veit du: Dette her held mål! Før hadde
vi ein tommelfingerregel om at det berre var naudsynt å lese dei ti
første og dei ti siste sidene, pluss litt i midten for å avgjere det.
Men på Columbine får alle stykke ein skikkeleg sjanse.
Relatert
link:
Hon
får pjäs och publik att mötas Av Ingegärd Waaranperä. Dagens
Nyheter, 3. januar 2001
NYHETER MELDINGER
Teaternett
formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår
epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|