AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
16. juli 2001

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



5000 teater-arbeidarar i
NOREGS UNGDOMSLAG


Teater er ein av dei viktigaste aktivitetane til Noregs Ungdomslag, og verksemda aukar. Det er aktivitets-statistikken til laget som viser dette. Kristian Fjellanger er leiar av teaterrådet i NU - og er godt nøgd.
"Det er kjekt å få ”handfaste bevis” for storleiken på teaterverksemda vår", seier han i ein kommentar til statistikken som er lagt fram.

Det er imponerande tal Noregs Ungdomslag har å vise til for arbeidsåret 2000. Nærmare 5000 personar i alle aldrar arbeider med teater i organisasjonen. Saman har dei spela 538 framsyningar for 75 000 publikummarar. Fleire av laga reiser og på turné med oppsettingane sine.

"Desse tala gjer Noregs Ungdomslag som organisasjon til det største teatertilbodet på bygdene i Noreg. Det er ein posisjon me ynskjer å halde fast på", seier Fjellanger.

Han legg óg vekt på at teater-arbeidet til NU er med og binde generasjonane saman. "Samværet mellom generasjonar er viktig for Noregs Ungdomslag. Tala frå aktivitets-statistikken viser at denne intensjonen vert svært godt fylgd opp i mange lag", avsluttar han.


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no