AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
26. november 2001

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Komikarar for
AFGHANISTAN

9. desember "står" 20 norske komikarar "opp" på Sentrum Scene i Oslo for å samle inn pengar til krigsofra i Afghanistan, melder NRK-Kulturnytt. Lækjarar utan grenser skal forvalte midlane for å kunne gje medisinsk naudhjelp til dei som er hardast ramma av krigen i det fattige landet.

Mellom deltakarane på showet er Dagfinn Lyngbø, Are Kalvø, Atle Antonsen, Harald Eia, Trond Hanssen, Bård Tufte Johansen, Linn Skåber, Øyvind Angeltveit, Lars Joakim Ringom, Johan Golden, Christine Hope, Siw Anita Andersen, Espen Beranke Holm og Bjarte Hjelmeland. Sara Natasha Melbye og Fredrik Skavlan er konferansierar for kvelden.

Entusiasme
- Vi føler at det viktig å gjere noko for dei som er ramma av krigen, seier dagleg leiar for Stand Up Norge, Elina Krantz ifylgje NRK. - Utan å ta politisk stilling ynskjer vi å støtte det nøytrale hjelpearbeidet til Lækjarar utan grenser. Dette er det stor entusiasme for i komikarmiljøet og det har ikkje vore vanskeleg å få med komikarar.

- Vi er svært glade for at Elina Krantz, Stand Up Norge, og norske kulturpersonlegdomar på denne måten har vald å bidra til naudhjelpsarbeidet vårt i Afghanistan, seier Morten Rostrup, president i Lækjarar utan grenser ifylgje NRK. - Folk flest er i ein svært kritisk situasjon, mange er drivne vekk frå heimane sine og no er også vinteren i ferd med å setje inn for fullt. Vi jobbar med å forsterke arbeidet framover.


Relatert link
Komikere hjelper Afghanistan Av Torunn P. Westerfjell. NRK-Kulturnytt, 16. november 2001.


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no