AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
29. november 2001

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Slutt for
FESTNINGSOPERA

Det kan no vere slutt på den ni år gamle tradisjonen med opera i ruinane til Steinvikholmen festning i Trondheimsfjorden. NRK Kulturnytt melder at Riksantikvaren set foten ned for spelet i Noregs siste erkebispeborg.

Grunngjevinga er først og fremst at tribunene og scenen som vert nytta i spelet dekkjer til så mykje av ruinen at det bryt med inntrykket dei besøkande får av fornminnet.

Operasjef Randi Spets er frykteleg skuffa over avgjerda til Riksantikvaren:
- Det vert opera uansett, seier ho til Trønder-Avisa ifylgje NRK. - Men det blir noko heilt anna hvis vi ikkje får bruke dei unike slottsruinane på Steinvikholmen. No må vi mobilisere alle gode krefter for operaen.

Mindre interesse
Tidlegare har operasjef Randi Spets nemnd Erkebispegården i Trondheim som ein alternativ spelestad. Men styreleiar Ole T. Hofstad i Steinvikholm musikkteater ser ikkje så lyst på det:
- Vi har med oss friviljuge, sponsorar og samarbeidspartnarar i eitt år dersom vi må endre spelestad, seier han til NRK. - Men ut over det trur eg ikkje interessa for operaen blir like stor som i dag.

Relatert link
Arkeolog slår alarm: Teater skader nasjonal ruin Teaternett, 14. oktober 1999.
Olav Engelbrektsson på Steinvikholmen av Sæbjørg Walaker Nordeide, Teaternett 14. oktober 1999.




NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no