AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
3. desember 2001

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



BARRON BLOD
i mørketida

Otto Jespersen er på "mørketidsturné" melder Nordlys. Det er framsyninga OJ-Fremad i alle retninger som til veka står på plakaten mellom anna i Harstad og i Tromsø. 30 000 har til no sett framsyninga med Barron Blod, Tårnfrid og dei andre.

Komikaren er klar med ein ny TV-serie i seks delar til påske, "Alt for Norge".

- Eg har lyst til å gjenreise nasjonalkjensla mellom folk, seier Jespersen til Nordlys. - Respekten for kongehuset og politikarane. Kvart program har eit eige tema. Fattig-Norge, kristen-Norge, helse-Norge. Og Nord-Norge.

Ifylgje Nordlys trivs Jespersen veldig godt i Nord-Norge, sjølv om han innrømmer at det kanskje hadde vore trivelegare ei anna tid på året. Litt lei av seg sjølv av og til blir han:
- Men ikkje så lei som eg trudde eg skulle bli. No har eg bevist at eg fiksar å stå på ei scene også.

Varmare i distrikta
Jespersen likar å vere på turne med sin salige miks av hardtslåande humor.
- Publikum er litt varmare og meir spontane ute i distrikta, seier han. - Oslopublikumet er bra, det - men kanskje litt stivare.

Bok på Kagge forlag lagt ut for sal på Rimi er derimot ikkje aktuelt:
- Då har du tapt, seier Jespersen til Nordlys.

Relatert link
Barron Blod og Tårnfrid til Tromsø Nordlys, 1. desember 2001.




NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-  

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no