|
|
|
 |
 |
Jula er
GOD BUTIKK
Opp til ti prosent av årsinntekta kjem frå juleframsyningane hjå nokre av teatra,
melder NRK-Kulturnytt. Drammens Teater reknar med å ta inn 17 000 billettar mellom anna
på We wish you a Merry Christmas.
- Framsyningar av denne typen betyr veldig mykje for besøkstalet, det er ingen tvil om
det, seier informasjonssjef Kai Gustavsen ved Drammen Teater til NRK-Kulturnytt. Teatret
tilbyr i år framsyningar skreddarsydd for julebordspublikumet.
Oslo Nye Teater får ti prosent av inntektene sine frå Jul med Prøysen og
snekker Andersen. Til NRK-Kulturnytt nektar likevel direktør Sven Tornevik at
det er pengane som avgjer at dei set opp stykket:
- Det viktigaste er at vi har eit tilbod til barn, seier han til NRK.
Bærebjelken
Tønsberg Amatørteater innrømmer ope at juleframsyningane er viktige for
inntektsgrunnlaget.
- Juleframsyninga er bærebjelken for heile teatret, i alle fall økonomisk, seier
teatersjef Mette Buan til NRK-Kulturnytt. Tønsberg Teater set i år opp Reisen
til julestjernen for sjette år på rad.
Relatert
link
Førjulstida
gullgruve for teatrene Av Hege Moe Eriksen. NRK-Kulturnytt, 3. desember 2001.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter
fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er
- send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|