|
|
|
 |
 |
Nasjonalteater UTAN TAK
I Afghanistans hovudstad Kabul er det gamle Nasjonalteatret opna på nytt, melder
Aftenposten. I ti år har det vore forbode å spele der, og den krigsskadde
teaterbygningen manglar tak, veggar og golv. No vil dei norske teatra hjelpe til med
gjenoppbygginga, men Kulturdepartementet nøler.
- Moralsk vil dei absolutt få støtte frå
Kulturdepartementet, seier ekspedisjonssjef Kjell Myhren til avisa i ein kommentar til at
norske teater vil hjelpe til med gjenreisinga. - Men om vi kan gi pengestøtte er det for
tidleg å seie noko om.
Fellesmarkering
Både Oslo Nye Teater, Hålogaland Teater, Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Den
Nationale Scene i Bergen ynskjer å finne eit opplegg for å støtte gjenoppbygginga,
ifylgje Aftenposten. Teatersjef Vidar Sandem ved Det Norske Teatret meiner ei
fellesmarkering frå teatra vil gje dobbel effekt:
- Det vil ikkje berre være ein human-politisk måte å opplyse om Kabul-teatrets behov
på, men det vil også gje inntekter til formålet. Dette er noko Teaterleiarforeninga
bør diskutere, seier Sandem til Aftenposten.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og
internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et
tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|