|
|
|
 |
 |
Dramatikerpris
til FÆRØYANE
Den færøyske dramatikaren Jóanes Nielsen har fått den nordiske dramatikarprisen for
2002, for stykket Hedder noget lang Weekend? For to år sidan gjekk denne prisen
til Jon Fosse og Ein sommars dag.
Nielsen får dermed sin andre pris for dette stykket som gjekk med stor suksess
våren 2001. Den gongen vann han ein færøysk dramatikarkonkurranse. Utdelinga av prisen
skjer i august på Nordisk teatermøte på Færøyane.
Psykiatrisk alvor og humor
Hedder noget lang Weekend? går føre seg på ei lukka psykiatrisk
institusjon, og juryen uttalar at "alvor og humor er en del av forfatterens styrke
så der fremstår en humoristisk og original scenetekst, der er overraskende og åbner
vores sind."
Den nordiske dramatikarprisen vert delt ut kvart andre år, og for to år sidan gjekk
prisen til Norge ved Jon Fosse. Nominert frå Norge denne gongen var Niels Fredrik Dahl
med Som torden. I Franzisca Aarflots regi vart stykkets engelske versjon
Like thunder lønna med pris på Edinburghs Fringe Festival og denne oppsetjinga
skal gjeste Færøyene under årets Nordiske teatermøte.
Elektra frå Island
Danmark hadde nominert Menneskesøn av Morti Vizki, eit
tragikomisk skodespel om kva som ville skjedd dersom Jesus hadde vendt tilbake til vår
moderne verd. Frå Sverige kom Maria Bloms Masjävlar, ei frisk og
moderne folkekomedie, som hadde stor suksess på Dalateatern i Falun.
Frå Finland kom Kristian Smeds Ett hus där mörkret tätnar. Island var
representert med Hranfnhildur Gudmundsdottirs høgst personlege tolking av den greske
myten om Elektra, Easy now medan Grønland hadde nominert det episke
diktet Quasapis sidste dag av forfattaren, diktaren, komponisten og
regissøren Villads Villadsen. Stykket hadde premiere i fjor haust i regi av norske Indra
Lorentzen.
(Kjelde: Pressemelding frå
Norsk Teaterunion)
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og
internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et
tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|