|
|
|
 |
 |
CARTE BLANCHE
opnar Festspela
Når Festspela i Bergen
markerer 50-årsjubileum ville direktøren opne med noko Vestlandshovudstaden ikkje hadde
for eit halvt hundre år sidan: Norsk samtidsdans. Og dermed var det klart for Jo
Strømgren og Lux Aeterna.
Korleis vert
kvardagen i himmelen - om det er dit vi kjem? Er det eit kvitt venterom i eit evig lys,
ein uendeleg ferie, meiningslaust komfortabel?
Koreografen Jo Strømgren skal ta publikum med til livet etterpå, der ulike menneske finn
på dei mest latterlege leikar for å slå æva i hel... Strømgren byr på overraskande
tankar og bilete i ei tid då redsla for fortapinga og draumen om himmelen ikkje lenger
styrer liva våre, heiter det i pressemeldinga frå Carte Blanche.
Brass frå Strilelandet
Trompetar og basunar må likevel til - med eit brassband frå Strilelandet. Eikanger
Bjørsvik Musikklag skal stå for den himmelske lyden. Publikum kan vone på ei fengslande
framsyning, prega av naivt alvor, scenisk poesi og varm humor. Jørgen Knudsen har
komponert musikken, og scenograf Ingvild Hovind har fantasert seg fram til ein himmelsk
bakhage.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og
internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et
tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|