AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
29. januar 2004

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Rekordmange vil spele teater

Fleire enn nokon gong vil verte skodespelarar i Noreg. Teaterhøgskulen har ifylgje Aftenposten påny slått alle rekordar på søkjartal: Heile 840 ungdommar ynskjer i år å få dei ti plassane kampen står om. Ifjor var det 670.


Det er dobbelt så mange jenter som gutar mellom søkjarane. Ingen har nokon klare teoriar om kvifor så mange vil spele teater.

Ukjent fordeling
Noreg har få utdanningsplassar på skodespelaryrket. Det hadde vore interessant å vite meir om sosial og geografisk bakgrunn, både til søkjarane og dei som kjem inn. Men det er ikke gjort studiar på dette, eller på kor mange fleirkulturelle søkjarar som har prøvd seg.

- Det er vanskeleg ut ifrå søknadsbunken å sjå kva slags bakgrunn søkarane har, seier rektor Halldis Hoaas til Aftenposten. - Men vi har inntrykk av at det fylgjer opp den gledelege tendensen frå i fjor, med større breidde i søknadsmengda.

Og til Sankthans vert det klart kven som får draumane oppfylt. Og dei andre - må til utlandet eller prøve på nytt neste år!

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no