AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
29. januar 2004

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Russisk SENSASJON

7. februar ligg det an til ei premiere utanom det vanlege i Stockholm. Då har teaterstykket Terrorism premiere på scenen Elverket. Stykket er skrive av dei to russiske brørne Oleg og Vladimir Presnjakov, og har hatt suksess både i London og Lisboa.

- Dialogen vår går over til drama på eit organisk vis, seier Oleg (34) til svenske Dagens Nyheter, på spørsmål om korleis dei to arbeider. - Vi er eigentleg ikkje interessert i terrorisme, berre kva som skjer i menneska, og korleis det kan påverka samfunnet, seier Vladimir (29).

Før 11. september
Stykket Terrorism vart kåra til beste samtidsdrama av det russiske Kulturministeriet og Moskvas Kunstnarteater. Det hadde premiere 8. november 2002, på dagen to veker etter terroraksjonen i Dubrovkateateret i Moskva.
- Det påverka nok mottakinga av stykket, men stykket var skrive lenge før, til og med før 11. september, fortel Oleg til Dagens Nyheter.

I fylgje Dagens Nyheter handlar stykket om den indre terrorismen som menneska er i stand til: foreldre plagar sine barn, arbeidskameratar og gifte par kvarandre. Terroren kan vere mental, seksuell, kollegial. Ingen går an å lite på.

Udeleleg heilskap
Brørne Presnjakov har ein sjeldan kjemi i arbeidet og skriv stykka sine saman. Ifylgje Dagens Nyheter går skrivinga leikande lett. Dei merkar knapt korleis stykka blir til, dei kjem som eit resultat av ein flytande samtale mellom brørne, ein dramaturgi grunnlagt på dialog.
- Vi er ein udeleleg heilskap, så ein kan eigentleg ikkje seie at vi er to forfattarar, seier Oleg.

Begge to er språkvitarar og har undervist i litteraturhistorie, sosiologi og pedagogikk.

Iransk mor
Dei to brørne er fødde og oppvaksne i provinshovudstaden Jekaterinburg, kjent som Sverdlovsk i sovjetperioden. Det var her den ikkje ukjende Boris Jeltsin gjorde karriere før han kom til Moskva. Mor til brørne er frå Iran medan faren er russar. På grunn av den mørke utsjånaden vert dei to stadig stogga på gata i Moskva for passkontroll.

- Sjølv ikkje i London må ein bere passet på seg, men her må ein det, seier Oleg. - Dei vert forvirra når vi seier at vi er dramatikarar, det ser vi visst ikkje ut som, skyt Vladimir inn.

Relatert link:
Ryska bröder låter dialogen flöda Av Michael Winiarski, Dagens Nyheter 26. januar 2004

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no