|
|
|
 |
 |
Japansk FOSSE
100 år etter at Ibsen vart lansert for det japanske publikumet er det no Jon Fosse sin
tur. Bergens Tidende melder om fulle salar i åtte byar når den mest spelte dramatikaren
i Europa vert introdusert i Japan.
Ein nøktern
Fosse vil ikkje spekulere i om det japanske publikumet vil ta like godt imot han som det
europeiske:
- Eg har blitt fortalt at det er samanfall mellom min stil og det tradisjonelle japanske
Noh-teateret, seier han til Bergens Tidende.
Sumie Kawai
Ifylgje Fosse er det den japanske omsetjaren Sumie Kawai som har æra for at dramatikken
hans har funne vegen til Japan. Ho såg ein produksjon i Berlin for fem år sidan og sette
igang. Regissøren Shogo Ohta set no opp Nokon kjem til å kome på
Setagaya Publik Theater i Tokyo.
- Det er hundre år sidan Ibsen først vart spela på japanske scener, og som ein like
stor dramatikar fylgjer no Fosse i hans fotspor. Det er gledeleg at han kunne vere til
stades, noko som sjølvsagt ikkje var mogleg for Ibsen, seier den anerkjente regissøren
til Bergens Tidende.
På det meir eksperimentelle Komaba Agora Theater er det den yngre regissøren Motoi
Miura som set opp Sov du vesle barnet mitt, Namnet og Ein
sommars dag.
Franske omsetjingar
Miura vart interessert i Fosse under eit opphald i Paris. Der leste han alle stykka som
var omsette til fransk og og bestemte seg for å setje dei opp. Det er det vanskelegaste
prosjektet han nokon gong har teke på seg, meiner han. Tre stykke på ein gong er mykje,
og Fosses stil er vanskeleg.
Lanseringa i Japan vert delvis finansiert av spelemidlar frå Japans
motorbåtracingforbund. Det er berre femte gong eit utanlandsk stykke får støtte frå
denne eksklusive ordninga.
- Stykket blir vist for eit mykje breiare publikum enn det som ville vore mogleg ved
ordinær lansering, seier Marianne Loe, kulturattaché ved den norske ambassaden i Tokyo
til Bergens Tidende.
Relatert link:
Jon Fosse - nå også i Japan
Av Ragnhild Kjetland, Bergens Tidende 21. januar 2004
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|