|
|
|
 |
 |
PRIS frå aktivt PUBLIKUM
Publikumsforeininga "Teatrets Venner" ved Trøndelag Teater har 800 medlemmer,
og delar kvart år ut ein pris til ein fortent teaterarbeidar. Tirsdag fekk scenografen
Gilles Berger statuetten for 2003.
Berger får prisen for scenografien til oppsetjinga av Erlend Loes Kurt koker
hodet på Trøndelag Teater. Gilles Bergers fantasifulle scenografi vert omtala
som eit vellukka møte mellom friteatrets og institusjonsteatrets måte å arbeide på.
Kurt koker hodet var eit samarbeidsprosjekt mellom Cirka Teater og
Trøndelag Teater. Framsyninga gjekk for fulle hus og hausta gode kritikkar.
Prisen består av statuetten "Pas de deux i manesjen" i bronse av
trondheimskunstnaren Tone Thiis Schjetne. "Teatrets Venner" har delt ut denne
prisen sidan 1980.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|