AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
8. februar 2004

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



DANSETEATER i Holstebro

Ikkje mindre enn 1250 tilskodarar skal få sitjeplass når den danske byen Holstebro om halvanna år får nytt teaterhus til 60 millionar, melder Politiken.

Holstebro husar frå før det verdskjende Odinteatret og har fått mykje omtale fordi byen medvite gjennom mange år har satsa på å legge tilhøva til rette for kulturarbeidarar.

Det nye Dansens Teater skal byggjast til Peter Schaufuss Balletten som har turnert inn- og utland med base i Holstebro sidan 1997. Holstebro Byråd gjev støtte til prosjektet, men ballettsjefen sjølv må skaffe halvparten av pengane. I planane ligg det også plass til eit Museum for Dans, og Dansens Bibliotek.

Lysskulptur
Designar for nybygget er James Turrell, og tanken er at huset vil ligge som ein mørk bygning i byen på dagtid, men framstå som ein lysskulptur om kvelden. Bygget skal stå klart på seinsommaren 2005.

Relatert link:
Holstebro bygger nyt danseteater Av Peter Thygesen, Politiken 20. januar 2004

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no