AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
8. februar 2004

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Misvisande BESØKSTAL

Danskane er misnøgde med besøksstatistikken for teatra. I dag viser tala berre besøket for teater med statsstøtte. Ifylgje Politiken må kulturminister Brian Mikkelsen no vurdere systemet.

Aktivitetane i dei store kulturhusa og på privatteatra vert ikkje talde med, og det handlar om opp til 700 000 uregistrerte besøk.

Dette er inga ny sak i Danmark og både teatra og kulturpolitikarene byrjar å bli utålmodige for å få retta på tilhøva.
- Danmarks Statistikks teatertal har vore misvisande i mange år, og det kan ikkje vere rett at vi no sit og diskuterer revisjon av teaterlova utan å kjenne dei korrekte tala, seier Eyvind Vesselbo, medlem av Folketingets Kulturutval til Politiken.

Opera og dans tilbake
Kulturministeren lovar betre statistikk for sesongen 2004-2005. Elles viser statistikken at danskane har stabil teaterinteresse. I gjennomsnitt har det vore 2,4 millionar tilskuarar pr. sesong i perioden 1985-2002. Det er også ein liten tendens til at opera og ballett taper terreng, medan tradisjonelt teater og barneteater har ein liten framgang.

Relatert link:
Misvisende tal om danskernes teaterbesøg Av Peter Thygesen, Politiken 19. januar 2004

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no