|
|
|
 |
 |
Når MAMMA går
Fria Teaterns lilla scen i Stockholm spelar barneteater utanom det vanlege, melder Dagens
Nyheter. Ein laurdag let mamma vesle Mina vere att aleine, og drar for å køyre
motorsykkel.
Dokka til Mina kjem fram og seier at det er ikkje det minste rart at mamma vil gå sin
veg, for Mina er då verken søt eller snill... Mina går sin veg, for aldri å kome
attende.
Å bli forlatt av ein forelder er det verst tenkelege for eit barn. Kor langt kan ein
eigentleg gå med femåringar som publikum undrast avisa:
- Eg hadde tenkt at stykket skulle bli realistisk, seier forfatteren Anna Höglund. - Men
det vart for ille, ikkje noko barnestykke i det heile tatt. Eg hadde tenkt at mammaen
aldri skulle kome attende, og at Mina skulle klare seg berre med leiker.
Verst for dei vaksne
Ifylgje Dagens Nyheter er barnepublikumet musestille under framsyninga, og kjem med mange
spennande reaksjonar etterpå. Ofte er det dei vaksne som tykkjer det er verst.
Mina går sin väg er Anna Höglunds første teaterstykke. Ellers er ho
barnebokforfatter og illustratør.
Relatert link:
Pjäsen om Mina skrämmer slag på de vuxna Av Lotta Olsson. Dagens
Nyheter, 9. februar 2004
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|