|
|
|
 |
 |
Dansk PRISDRYSS
Utdelinga av dei
danske Reumert-prisane får dei norske teaterprisane til å sjå litt
molefonkne ut. For ei snau veke sidan dryssa det prisar og pengar ut over
danske teaterfolk. Og her var det galla og show med 1100 deltakarar.
Ikkje mindre enn 300 000 kr vart det på skodespelaren Preben
Kristensen, melder avisa Politiken. Kristensen fekk Bikubens Hæderspris
under utdelinga. Kven er så det? Ja, seinast er han kjent for danskane som
Leopold i ei kritikar-rost framsyning av Sommer i Tyrol på Nørrebro
Teater. Når var vi så der sist...?
Lista elles over prisutdelingane aukar ubehaget over at vi nordmenn flest
veit for lite om det svært så omfattande teaterlivet i vårt ærverdige
naboland i sør, som vi påberopar oss minst 50/50 omsorgdeling for Ludvig
Holberg saman med.
Årets sopran
Prisen for årets framsyning gjekk til Demokrati på Betty
Nansen Teatret. Årets mannlege hovedrolle: Henning Jensen i Pinnocchios
aske. Kvinneleg hovedrolle: Meike Bahnsen i Anna Karenina. Årets
opera (for danskane har fleire oppsetjingar å ta av): Elektra. Som
også fekk "Oscar" til årets sopran, Eva Johansson.
Store filmar og skodespelarar på film blir internasjonale, men i teatret
er dei fleste stjernene nasjonale, for ikkje å seie lokale... Og kva trur vi
så at danskane veit om norsk teater?
Relatert link
Preben Kristensen fikk Bikubens Hæderspris Ritzau. Politiken 30. april
2005
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|