AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
30. november 2005

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



LØNSTAP for teatermusikarar

Musikernes Fellesorganisasjon (MFO) vil ta opp lønstilhøva for teatermusikarane ved tariff-forhandlingane til våren, melder fagbladet Musikk-Kultur. Bakgrunnen er at frilansmusikarar ved Trøndelag Teater taper lønsoppgjeret i 2004.

Dei ni teatermusikarane fekk eit tilbod om honorar i samband med Les Miserables (premiere februar 2006) som låg langt under det forventa, 20000 kroner mindre enn dei ville fått med den gamle avtalen.

Krass
Talsmann for musikarane, Torgeir Andresen er krass mot MFO si handsaming av saka.
- Vi føler at vår viktigaste motstandar i denne konflikten har vore MFO, og ikkje Trøndelag Teater, seier Andresen til Musikk-Kultur. - Teatret prøvde berre å fylgje avtalen MFO hadde vore med på å lage.

Meir fastløn
Årsaken til det skeive utslaget er at avtalen i større grad legg opp til fastløn enn tidlegare. Forbundssekretær Odd Langklopp i MFO meiner den nye avtalen er betre:
- Med den gamle avtalen med betaling per forestilling og prøve uansett kor lenge oppdraget varte, kunne det føre til svært dårleg løn dersom det var spelt få forestillingar kvar veke, seier Langklopp. - Det hadde over lang tid bygd seg opp mykje misnøye med situasjonen, og den nye avtalen er eit resultat av dette.

Eigne forhandlingar
Langklopp lovar at MFO skal ta opp tilhøva med Norsk teater- og orkesterforening så snart som mogleg og i samband med tariff-oppgjeret. I mellomtida har dei ni musikarane gått i eigne forhandlingar med Trøndelag Teater for å få heva fastløna, melder Musikk-Kultur.

Kjelde:
Musikk-kultur, nr. 12/2005

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no