|
|
|
 |
 |
Ibsenkvinner i HUNDRE
15 svært så ulike land er
representert når Nationaltheatret sparkar igang Ibsenfestivalen om under ein
månad. 100-årsjubileet for Ibsens dødsår viser at det står til liv i Ibsens tekstar. Og internasjonalt fangar kvinnene hovudinteressa.
Pistolskotet til Hedda Gabler gjev framleis atterklang: Ikkje mindre enn 5
ulike versjonar av det kjente dramaet blir å sjå på festivalen, mellom dei
Nationaltheatrets eiga oppsetjing i regi av Kirsti Buchanan Ulvestad. Medan
Nora kanskje var Ibsen-ikonet for 70-tallets kvinnefrigjering i Norden ser
Hedda ut til å kalle på merksemda for den sjølvrealiserande
kvinnegenerasjonen i vår tid. Kva skal ein gjere når livet blir keisamt?
Dansk gjestespel skaper i alle fall forventning med tittelen Hedda Gabler
- erotisk dødsrute.
Burkina Faso
Men, Nora er her, og ho dukkar også opp i årets festival med fire oppsetjingar: Som
masketeater frå Japan (Double Nora), som danseteater frå India, som
russisk ekspresjonistisk melodrama og i kvinnerealisme frå Burkina Faso. Den
visuelt elegante Robert Wilson har fått med seg eit polsk lag rundt ei anna
kvinne, Fruen
fra havet.
Vi blir elles lova stilrein klassikar i Brand frå Frankrike, og
danskane stiller med Gynt som rap-trylle-stand up.
Relatert link:
Ibsenfestivalen
2006
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|