|
|
|
|
VETERAN blir sjef
50 år gamle Reidar Sørensen vert sjef for
Nordland Teater, melder NRK-Nordland. Skodespelaren tek med seg 20 års
fartstid ved mange norske teater til jobben.
Sørensen tek over etter Thor-Inge Gullvåg 1.januar 2008. Det var 8 søkarar
til sjefsstillingen og Sørensen vart rekna som favoritt til jobben. Sørensen
har også vore med i mange spelefilmar, og fekk i 1989 Amandaprisen som beste
mannlege skodespelar i TV-teaterfilmen Himmelplaneten, melder
NRK Nordland.
- Du kan seie det slik at tidlegare har eg korkje kjent meg moden eller
kompetent nok, men no har eg såpass med erfaring og eit så breitt
kontaktnett at det kjennest rett, seier Sørensen til Rana Blad.
Relaterte linkar:
Sørensen
blir teatersjef
Av Monica Helland. NRK 17. mars 2007
Sørensen
ny teatersjef
Av Kenneth Johan Gabrielsen. Rana Blad 16. mars 2007 NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|