AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
17. november 2007

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Takk, GRETHE og TROND!

To store norske artistar gjekk bort i går
. Vesle store Grethe Kausland (60) og gladguten Trond Kirkvaag (61) døydde same dag etter lengre tid med kreftsjukdom. Og Noreg står litt stille, i takk til to varme og fantasifulle artistar som spreidde glede og humor.

Grethe Kausland, fødd 3. juli 1947, byrja som barnestjerne i 1955 med plata Teddyen min, som over natta vart eit nasjonalt ikon. Ho gjorde seinare stor lukke som revyartist, mellom anna saman med svenske Benny Borg og gruppa Dizzie Tunes. Kausland var også mykje brukt i film og fjernsyn. Kausland var midt i eit show-prosjekt saman med Ole Paus, Kauspaus, som sjukdommen stoppa.

Dei fleste norske barn kjenner Trond Kirkvaag (fødd 21. juli 1946) gjennom seriane om eventyra til Brødrene Dahl. Kirkvaag var ein framståande fjernsynssatirikar der han gjorde populære og lattervekkande karikaturar av mange personar i norsk kultur- og samfunnsliv.

Kirkvaag hadde heile karriera si knytt til film, og ikkje minst fjernsyn, som han meistra til fingerspissane. Det er freistande å fabulere litt over kva han kunne fått til også i teatersamanheng. Sikkert er det at humor-Noreg på scene såvel som på skjerm, mikrofon og lerret skuldar han stor takk.


Relaterte linker:
Grethe Kausland er død Av Nina Lødemel og Marie Norum Lerbak. Aftenposten 16. november 2007
Trond Kirkvaag er død Av Kjetil Olsen og Knut H.Leknes. Aftenposten, 17. november 2007
- 31 år med høydepunkter Av Kristine Grue Langset. Nrk, 17. november 2007

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no