|
(annonse) |
|
Dans i KJERNEN Midt i Stockholm, 30 meter under jorda, vert det gjort klart for danseframsyning i spesielle omgjevnader. 3. april skal det vere premiere på restane av ein utrangert kjernekraftreaktor. Ifylgje Dagens Nyheter er dette den eldste atomreaktoren i Sverige. Den var til og med tenkt nytta til utvikling av atomvåpen. I 40 år har reaktoren vore ute av drift, men no skal reaktor-rommet nyttast til moderne danseframsyning, Härmapan. Koreografen Anna Källblad står bak prosjektet: - Det er så mykje vi er redde for i samfunnet vårt, seier ho til Dagens Nyheter. - Men eg byrjar å kjenne meg heime her. Utstråling Ifylgje dei ansvarlege er det ikkje meir skadeleg radioaktivitet att i hallen, det blir opp til dansarane i gruppa Uglycute å skape utstråling av det betre slaget. - Det er meininga å få til ei slags alternativ shoppingoppleving, seier Källblad til Dagens Nyheter. - Fire dansarar og ein mezzo-sopran skal lage ting i framsyninga, og selje dei etterpå. Det er både morsomt og alvorleg, men det fins ein del politiske undertonar. Framsyninga handlar om eit tenkt liv i denne isolerte kapselen. Så spørs det om det kjem folk for å få med seg denne spektakulære gjenbruken av teknologi på historias skraphaug. Relatert link: Kärnreaktor blir dansscen Av Johan Lindahl. Dagens Nyheter 25. februar 2008 NYHETER MELDINGER Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |