![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
![]() |
Opera FRÅ FILM Malmö opera och musikteater hadde suksess med den filmbaserte operaen Dead Man Walking i fjor. No er Death and The Maiden klar for publikum. Malmöperaen sin huskomponist Jonas Forssell har tonesett verket, som byggjer på eit skodespel av Ariel Dorfman. I 1994 vart stykket filma i Roman Polanski sin regi. Åsa Melldahl har regien på Malmö-operaen og Erika Sunnegårdh spelar hovudrolla som Paulina Salas. Den unge Sunnegårdh har allereie gjort kometkarriere etter debuten i 2004, og mellom anna oppnådd suksess på Metropolitan-operaen i New York. Hemn over bøddelen Handlinga i Death and The Maiden ligg i Chile, 15 år etter kuppet. Eit av juntaen sine torturoffer møter ein av bødlane sine og planlegg hemn. Lars Sjögren i Expressen meiner prosjektet er spennande. Det er skakande og sviande vakkert, og lukkas til og med i å nå fram til ein rensande katarsis, skriv han om stykket.
Relatert link:
Death and the Maiden Av Lars Sjöberg. Expressen 21. september 2008 Malmö opera og musikkteater
NYHETER
MELDINGER |