![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
![]() |
Syng for sitt LIV Dei italienske operahusa syng no for å berge livet, melder Times Online. Kulturpolitikken til Berlusconi-regjeringa truar no sjølve eksistensen til desse ærverdige institusjonane. Neste månad er det sesongopning på La Scala i Milano. Denne hendinga er eit av dei sosiale og musikalske høgdepunkta i året, der både politikarar, forretningsfolk og toppartistar er tilstades. Finanskrisa No er denne hendinga truga av Berlusconi-regjeringa, som kuttar løyvingane i kjølvatnet av den globale finanskrisa. Ifylgje Times Online må opera-selskapa redusere talet på framsyningar drastisk, kanskje til og med sjå stengning i kvitauget. Regjeringa skuldar på operahusa sjølve i fyljge Times Online, og meiner dei er overbemanna, ineffektive og uroa av streikar. Leiarane av fjorten operahus i Italia har saka på kartet når dei skal møte kulturministeren, Sandro Bondi. Ei av spareløysingane er at kvart operahus berre lagar ei framsyning, og så let framsyninga rotere på dei andre scenane. Relatert link: Italian opera houses are singing to save their lives Av Richard Owen. Times Online 15.november 2008.
NYHETER
MELDINGER |