|
(annonse) |
|
Star WARS til scenen Dei beste sekvensane frå Lucas til legendariske filmprosjekt vert no gjort klart for scenebruk. 10. april skal det vere klart for premiere på O2 Arena i London, melder Aftenposten med The Times som kjelde. Opplegget går ut på at dei beste scenene frå Lukas-filmane vert projisert på eit 27 meter breitt lerret, medan Londonfilharmonikarane spelar og skodespelarar fortel. Arenaprosjekt Det er enno ikkje heilt klart kva slags scener som skal vere med. Arenaen der det heile skal visast har plass til 17000 menneske. Det blir fleire og fleire slike store arenaprosjekt. I Los Angeles er det på gang eit stort show basert på Shrek, ifylgje Aftenposten. Eit gigantisk dinosaurshow er også på gang. Relatert link: Star Wars blir sceneshow Av Cathrine Berg-Jacobsen. Aftenposten 15.desember 2008 Dinosaurar til scenen Teaternett 21.november 2008 The monster hit that's coming to a theatre near you Av Ben Hoyle. Times Online 13.november 2008.
NYHETER
MELDINGER |