|
(annonse) |
|
Harold PINTER er død Den verdskjende britiske dramatikaren Harold Pinter er død, 78 år gamal. Pinter gjekk bort julekvelden etter lang tids sjukdom, melder The Times. Nyårskvelden vart han gravlagt. Pinter fekk Nobelprisen i litteratur i 2005 og er rekna som ein av dei sentrale skaparane av absurd dramatikk. Etter mange si meining er han den fremste representanten for britisk drama i det 20. århundre. Britisk teater vil aldri bli det same utan Pinter, skriv teaterredaktør Dominic Maxwell i The Times. Mørke hjørne Harold Pinter stirra inn i dei mørkaste hjørna av samfunnet, skriv Dominic Dromgoole i eit minneord i The Times: Skodespela hans reflekterer ikkje berre det han fann der, men formar på nytt den store verda. - Harold Pinter lytta til vanlege menneske og fann ein slags poesi i daglegtalen som han klarte å omsetje til scenen, seier Michael Billington til Sky Channel ifylgje Dagens Nyheter. Billington var ein god ven av Pinter, og skreiv biografien The Life and Work of Harold Pinter i 1997. - Han forstod at vi alle vandrar på kanten av avgrunnen, i våre kvardagsliv.
Relaterte linkar:
Goodnight sweet prince: Shakespearean farewell to Pinter The Guardian 1.januar 2008 Harold Pinter The Guardian 1.januar 2008 Harold Pinter: The man and his plays Bildeserie. The Guardian 1.januar 2008 The echoing silence Harold Pinter. The Guardian 31. desember 2008 Harold Pinter: In the shadow of a giant Dominic Dromgoole. The Times Online 28. desember 2008 Nobel-winning playwright Harold Pinter dies Av Patrick Foster. The Times Online 26. desember 2008 British Theater vil never be the same without Harold Pinter Av Dominic Maxwell. The Times Online 26. desember 2008 Harold Pinter är död Av Clas Svahn. Dagens Nyheter 25. desember 2008 Konst, sanning och politik Av Harold Pinter. Nobelforelesning 7. desember 2005 Harold Pinter Teaterleksikon, Teaternett
NYHETER
MELDINGER |