|
(annonse) |
|
Norsk best i SVERIGE 2008 har vore eit viktig år i svensk teater, skriv svensk teaterkommentator. Og ein nordmann hadde regi på den beste framsyninga. 2008 har tilhøyrt Tsjekhov, skriv den svenske teaterkommentatoren Ingegärd Waaranperä i Dagens Nyheter. Ho opplever den russiske dramatikaren som meir samtidsaktuell enn nokongong. Og Tre søstre av den norske regissøren Alexander Mørk-Eidem gav oss den beste framsyninga, skriv Waaranperä i oppsummeringa av det svenske teateråret. Sjølvmedviten Waaranperä meiner i det heile at det har vore moro å sjå kva moderne teaterformer har gjort med gammalt materiale i året som gjekk. Ho ser det også som positivt at formene vert sprengt, at alt er i utvikling. Ikkje minst gjeld dette skodespelarane: Skodespelkunsten er blitt sjølvmedviten. Og teaterlivet har plassert seg i sentrum av kulturlivet. Kommentatoren peikar også på opprøret mot den borgarlege regjeringa sin kulturpolitikk, i den såkalla "Skuggeutgreiinga". Dette opprøret vart fødd nettopp gjennom ei teaterframsyning, Det usynlege av Jacob Hirdwall, skriv Waaranperä.
Relatert link:
Teatern gör uppror igen Av Ingegärd Waaranperä. Dagens Nyheter 28. desember 2008
NYHETER
MELDINGER |