![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
![]() |
Hamsun-FRI sone Teatersjef Otto Homlung ved Trøndelag Teater har ingen planar om å feire at det er 150 år sidan Knut Hamsun vart fødd, melder Adressa. - Det grunnleggjande menneskesynet er vanskeleg, og Hamsun skreiv litteratur eg personleg har vanskar med, seier Homlung i Adressa. - Eg vil at litteratur skal ha eit meir humanistisk menneskesyn enn det som Hamsun representerer, sjølv om også eg var forført av Hamsun og språket hans i yngre dagar. Teatersjefen meiner at Trøndelag Teater ikkje er forplikta til å feire Hamsun, som etter Homlung si meining også var ein dårleg dramatikar. Bakgrunnen er også den spesielle rolla teatret i Trondheim hadde under krigen, fortel Homlung til NRK idag. Mellom anna vart grunnleggjaren og sjefen for teatret, Henry Gleditsch, skoten av tyskarane 6. oktober i 1942, under terroren i Trøndelag. To tankar i hovudet Tidlegare teatersjef ved Trøndelag Teater, Cathrine Telle er kunstnarleg leiar for feiringa av Hamsunjubileet. Ho er ikkje overraska over Homlung sitt syn, men meiner det må gå an å ha to tankar i hovudet samstundes. - Det at ein er gåverik, tyder ikkje automatisk at ein er eit godt menneske, sa Telle til Dagsavisen førre veke ifylgje Adressa. - Hamsun var truleg eit høgst usympatisk menneske. Men samstundes var han eit geni, og ein av våre største forfattarar. Så urettvis kan verda vere. Relatert link: Hamsun? Nei takk! Av Vegard Enlid, Heidi Olliv Wollamo og Kjersti Nipen. Adressa 12. januar 2009 Ingen ende på Hamsun Av Mode Steinkjer. Dagsavisen 8. januar 2009
NYHETER
MELDINGER |