|
|
 |
 |
På KONKURSENS rand
På Gladsaxe Ny
Teater i København har teatersjefen teke moppen frå reingjeringsassistenten.
Og ikkje berre han, men heile det administrative personalet.
Økonomien er kritisk og
teatret må ha suksess på Dario Fo-framsyninga De betaler ikke! Vi betaler
ikke! hvis drifta skal halde fram, melder Berlingske Tidende. Og det må
sparast på alle kantar.
Tung gjeld
For berre nokre år sidan hadde det kreative teatret eit årsbudsjett på 18
millionar kroner. No ligg nervøse kreditorar tungt over teatret som slit med
ei gjeld på dryge 3 millionar kroner.
- Det går ikkje ein augneblink utan at eg tenkjer på økonomien, seier
teatersjef Kaspar Rostrup (68) til Berlingske Tidende. – Det får mykje
kunstnarleg energi til å renne ut i sanden, så eg leikar dagleg med tanken
om ikkje å vere her. Men eg elskar likevel denne staden.
Merkar finanskrisa
Teatret høyrde tidlegare til under Københavns Teater, men har no blitt ”egnsteater”.
Det gir 4 millionar kroner frå Gladsaxe Kommune. Det er ikkje nok:
- Vi er ein eineståande scene, som eg kan drive for ni millionar i alt,
seier Rostrup. – Men våre vanlege tilskotsytarar frå næringslivet kan ikkje
lenger gi oss resten av pengane på grunn av finanskrisa.
Og imens går prøvene på Fo-stykket, som sjølvsagt handlar om eit land ramma
av finanskrise, vidare på scenen:
- Gud, dei har teke straumen, seier den italienske kvinna, spelt av
skodespelar Michelle Bjørn-Andersen. Enn så lenge er det spel og ikkje
røyndom...
NYHETER
MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp
oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår
epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|