|
|
|
 |
 |
VERTINNA frå helvete
Mike Leigh si svarte komedie frå 1977 har hatt kultstatus i 35 år, og er snart klar for
Nationaltheatret. Franskmannen Arthur Nauzyciel har regi på Abigail's Party og
debuterer dermed ved den norske hovedscenen. 19. april har den eksplosive Abigail
festpremiere.
Teaterstykket Abigail's Party vart skrive i 1977 av Mike Leigh,
som også iscenesette stykket for det vesle Hampstead Theatre i London med premiere i
april 1977. I si tid var dette også ei eksperimentelt utvikla framsyning som vart til
gjennom lange improvisasjonar der Mike Leigh utforska rollene saman med skodespelarane.

|
Foto: Sigurd Fandango,
Nationaltheatret © |
Når tenåringen Abigail held sin første fest vert mora Susan tvinga
over gata til paret Beverly og Laurence. Ei smigra Beverly går inn i rolla som den
perfekte vertinna og pøser på med sprit, smiger og småsnakk. I selskapet er også dei
nyrike naboane Angela og Tony. Promilla stig og samtalen tilspissar seg, skal vi tru
Nationaltheatret sin presentasjon av stykket på sine heimesider. Og til slutt krev kampen
om den gode smak eit offer.
|
Løyndomar
Skodespelarane fekk ofte ikkje vite på førehand kva som skulle skje i stykket. Og det er
smak og ambisjonar til den veksande middelklassa i 1970-talets England som får gjennomgå
i denne satiren, bygd på situasjonskomikk.
Etter 104 framsyningar vart det også gjort ein produksjon for BBC av framsyninga som vart
kringkasta i november 2077. Denne produksjonen er idag også tilgjengeleg på DVD.

|
Foto: WikiCommons |
Mike Leigh (fødd 20. februar 1943) er britisk dramatikar og instruktør.
Han har veksla mellom arbeid for teater, film og fjernsyn og fekk mellom anna prisen for
beste regi ved filmfestivalen i Cannes for filmen Naked (1993).
|
Staben
Medverkande skodespelarar i Nationaltheatret sitt prosjekt er Ågot Sendstad, Christian
Skolmen, Mads Ousdal, Tone Mostraum, Anne Krigsvoll. Scenografien er ved Riccardo
Hernandez, kostymedesignet ved Ingrid Nylander og lysdesignet ved Scott Zielinski.
Maskørar er Greta Bremseth og Hege Ramstad og dramaturg er Mari Vatne Kjeldstadli.
Relatert link:
Abigails party
Nationaltheatret.
Mike Leigh Teaterleksikon.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|