|
|
|
 |
 |
TOPPEN er nådd
I kroner legg statsråd Tajik på veksten i scenekunstbudsjettet med rundt 8,5 millionar
kroner, i høve til ifjor. Men av dei ialt 114,9 millionane i auke på budsjettet i år
får Den Norske Opera og Ballett 48,5 millionar, nær på halvparten. Og av dette
igjen går 25 millionar ikkje til meir scenekunst, men til styrking av økonomien i
selskapet. Det som er att rekk knapt til kompensasjon for lønsvekst og prisstigning.
Norske teater må bu seg på å stramme inn livreima, nokre er alt i gang. Oppussinga av
Nationaltheatret vert nølande starta opp. Og Oslo Nye står aleine. Trøndelag Teater
får støtte til rehabilitering. I Molde kan Jeppe feire 40 år for Teatret
Vårt. Med 9,5 prosent auke finn vi her ein diskret budsjettvinnar.
Arvtakaren etter Anniken Huitfeldt nådde altså ikkje fram til den magiske 2
milliardar-grensa for scenekunstfeltet i si budsjettpremiere.

|
Første budsjett
frå statsråd Tajik.. Foto: WikiCommons. |
Halvhjarta premiere: Scenekunstfeltbudsjettet frå ferske Hadia Tajik
held såvidt oppe status quo, og gjev ingen rom for eksperiment og utprøving.
|
Ingenting til heimfylket
Tajik har knapt teater som sitt viktigaste satsingsområde, og har si fulle hyre med å
gå på statsrådskule og vere flink jente. Og då er det heilskapen som tel: Det
viktigaste ved budsjettet for den yngste på den raudgrøne skuta har vore å nærme seg
den magiske einprosenten for Kulturbudsjettet totalt. Som einaste teater i landet står
til dømes Rogaland Teater, i Tajiks heimfylke med forhistorisk
scenetrekkteknologi. No må ein også leite med lys og lupe for å finne noko
anna i dette budsjettet enn kompensasjon for høgare pensjonsutbetalingar,
inflasjonsjustering og eit og anna strøtiltak av symbolpolitisk karakter, som litt
distriktsopera her og der og det føreståande grunnlovsjubileet. Kulturballongen driv på
autopilot, og lufta byrjar umerkeleg å sive ut.
Manglar rom for private
Heller ikkje vil opposisjonen finne rom for meir private insentiv i dette budsjettet, som
til dømes at sponsorgåver utløyser statlege middel, som mellom anna
Venstre har teke til orde for. Kulturlivet er i hovudsak stats- og sentralstyrt i Noreg,
no som før. Giske festa i si tid det statlege grepet om kulturlivet, og dette står
fastare enn nokon gong etter at finanskrisa tørka ut det meste av kultursponsinga. I
dette perspektivet er også løyvingane til uavhengige grupper begredeleg lesnad. Her er
alt ved det gamle, og det er ingen rom for eksperiment. Barn av friteaterskodespelarar,
som barn av mange kunstnarar, vert faktisk født inn i ei fattigdomsfelle, uverdig for
vårt moderne velferdssamfunn. Kva med ei romslegare borgar-/kunstnarlønordning, som i
alle fall sikrar nokre utøvarar eit minimum av salt i grauten medan dei prøvar ut nye
former?
Nølande oppgradering
Det kan vel heller ikkje kallast eksperiment at departementet litt nølande har teke tak i
det kritiske forfallet i Nationaltheatret-bygningen. Her skal det greiast ut, 1,5
millionar kroner går til konseptutvikling på nye tverrfaglege løysingar, av
ein auke på 7 millionar kroner til teatret. Det blir vel nok til ei nøktern utgreiing
får vi tru, sjølv med lovnad om etterfylgjande kvalitetssikring. Dei resterande 5,5
millionane utgjer ein reell auke på 3,3 prosent og er nok i
knappaste laget for etterslep på løn, pensjon og prisstigning. Ialt har Nationalteatret
snaue 174 millionar på lomma når 2013-repertoaret vert
presentert av Hanne Tømta i dag.
Kva med Oslo Nye?
Oslo Nye Teater er såvidt nemnt i Kulturbudsjettet, i kraft av å ha vore
hovudsamarbeidspartnar for Riksteatret i 2011. Kulturstatsråden bør ikkje vere passiv i
den usikre situasjonen som har oppstått rundt Oslo Nye Teater. Alle vener av godt teater
i Oslo må halde garden høgt dersom det skulle ende med at Oslo kommune sviktar oppgåva
si med å gje byen eit eige profilert teater utanfor dei statsfinansierte institusjonane.
For eit borgarleg bystyre bør det framstå som reinbarka idioti å de facto skulle leggje
ned eit teater som faktisk er frikopla frå pengestraumane til den for tida raudgrøne
statsmakta. I tillegg kjem det opplagt urimelege at byen som sit med alle dei store teatra
i landet ikkje sjølv vil gje ei krone til å gje borgarane eit tilbod. Meiner dei
borgarlege alvor med maktspreiing og mangfald er nedlegging av Oslo Nye så avgjort ikkje
eit verkemiddel. Klar melding til Høgre, KrF og Venstre: Hald Carl I. Hagens lange
fingrar og klør unna denne varme pulsåra i storbyen sitt hjarte.
Oppussing i Trøndelag
Kanskje det går an å kalle Trøndelag Teater og sjef Kristian Seltun for ein liten
budsjettvinnar: auken på 3 millionar kroner opp til 64,6
millionar utgjer 4,9 prosent. 1 million av
dette går til å dekkje finansieringskostnader knytt til rehabilitering av Gamle Scene.
Kven veit, kanskje spelar den nærleiken til tidlegare kulturminister Trond Giske sine
heimetrakter ei rolle her? No hadde Trøndelag Teater eit godt publikumsår i 2011, med
nesten 110 000 besøk, mot snaut 87 000 i ein bylgjedal i 2010.
Fest for Jeppe
Regionteatret i Molde, Teatret Vårt, er ein diskret vinnar på 2013-budsjettet. På
nordvestlandet har regionteatret klart å overleve i 40 år, og feirar med antihelten Jeppe
på Berget av gamle gode Ludvig Holberg. Ein auke på 2,2 millionar her betyr
faktisk ein vekst på 9,5 prosent, frå 23,1 mill for
2012, til 25,3 mill for 2013. Sjølv om mykje av dette går til auke
husleiga i eit nytt bygg, er nok dette eit godt klapp på skuldra. I årsmeldinga for 2011
var teatret sjølv ikkje nøgd med dryge 37 000 publikumarar, og teatret freistar nytt
konsept i år for å få fart før jul: Med Jeppe kombinert med julebord
vonar teatret at publikum skal trivast, i alle fall som gjestar hjå baronen om ikkje i
baronens seng. Då teatret starta opp i 1972 ville dette truleg vore nokså utenkjeleg, i
eit fylke der polutsala var bortimot like sjeldsynte som oasane i Sahara.
95 prosent statsstøtte
Igjen stadfestar statsbudsjettet kor avhengig teaterlivet i Noreg er av statleg støtte.
Det er tankevekkande på i alle fall to måtar. For det første: Ei privat
insentiv-ordning for sponsorar bør truleg kome på toppen av den eksisterande
støtteordningar, kanskje på liknande måte som i filmbransjen. Det vil løyse opp noko
av det statlege trykket og gje eit lite handlingsrom for samspel med private aktørar og
næringslivet. For det andre: Brukarar av norske teater har kvar dag alle tiders høve til
å få att skattepengar med stor gevinst. Ein teaterbillett til eit av dei store norske
teatra er i dag sponsa med omlag 95 prosent av skattepengar. Det betyr at for kvar gong du
kjøper ein rimeleg billett til ei framsyning, til dømes for 300 kroner, forbrukar du
6000 skattekroner. Verdt å gjere seg bruk av - fritt fram!
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|