|
|
 |
 |
HEDDAjubel 2013
Ikveld vart det klart kven som i år fekk dei gjevaste prisane i det norske
scenekunstmiljøet. Favorittane Gisken Armand og Ingar Helge Gimle gjekk inn til stor
jubel. Trøndelag Teater er også godt nøgde, og Olaug Nilssen måtte tørke tårene.
I år er det to nye priskategoriar: Beste scenografi/kostymedesign og beste audiovisuell
design. Desse erstattar den tidlegare prisen for Beste visuell design.Vinnarane er no
klare frå Heddajuryen.
Idag gjekk altså prisutdelinga av stabelen på Det Norske Teatret. Framsyninga vart leia
av skodespelarane Gjertrud Jynge og Pål Christian Eggen.
Nynorsk som scenespråk
Det var stor stemning då ein tårevåt Olaug Nilssen fekk Aksel Waldemars minnespris for
nynorsk som scenespråk, vel fortent meinte mange.
Her er resten av prisvinnarane:
Vinnar av beste kvinnelege hovedrolle/medspelar:
Gisken Armand for rolla som Jeg i "Jeg forsvinner", regi Eirik
Stubø, Nationaltheatret.
Vinnar av beste mannlege hovedrolle/medspelar:
Ingar Helge Gimle for rollen som Willy Loman i "En
handelsreisendes død", regi Runar Hodne, Trøndelag Teater
Vinnar av beste kvinnelege birolle/medspelar:
Kine Bendixen for rollen som Jackie Kennedy i "Prinsessedrama",
regi Hilde Brinchmann, Trøndelag Teater
Vinnar av beste mannlege birolle/medspelar:
Espen Klouman Høiner for rollen som Biff Loman i "En
handelsreisendes død", regi Runar Hodne, og Ivar Zolen i "Bør
Børson jr.", regi Erlend Samnøen, begge Trøndelag Teater
Vinnar av beste regi:
Oskaras Korsunovas for regien på "Peer Gynt",
Nationaltheatret/Torshovteatret
Vinnar av Årets forestilling:
"Stalker" av Verk Produksjoner, regi Fredrik Hannestad, co-produksjon
Black Box Teater/Teaterhuset Avant Garden/BIT Teatergarasjen
Vinnar av beste scenografi/kostymedesign:
Lawrence Malstaf for scenografien til "Blikktrommen", Hålogaland Teater
Vinnar av beste audiovisuelle design:
Roger Gihlemoen for animasjon i "Jack og Bønnestengelen", Teater Manu.
Vinnar av beste barne- og ungdomsforestilling:
"Eg/Ik/Ich/I", regi Jonas Corell Petersen, Det Norske Teatret
Vinnar av prisen for særleg kunstnarleg innsats:
"De Utvalgte", av De Utvalgte, co-produksjon Black Box Teater/BIT
Teatergarasjen
Juryen
Heddaprisen vert kvart år delt ut for framståande prestasjonar i norsk scenekunst.
Ansvarleg arrangør er Norsk teater- og orkesterforening, og Heddakomiteen er fagleg
ansvarleg. Desse har hatt sete i juryen for teatersesongen 2012-2013: Thoralf Berg,
Therese Bjørneboe, Gunnar Germundson, Karen Frøsland Nystøyl, Karoline Skuseth, Astrid
Sletbakk og Cecilia Ölveczky.
Relatert link:
Heddaprisen.no
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|