AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
2. desember 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



STUBØ styrer Stadsteatern
I seks år framover skal Eirik Stubø frå Narvik i Noreg styre det velkjende Stockholm Stadsteater i vårt nærmaste broderland. I eit intervju med Dagens Nyheter fortel han om ei av sine første teateropplevingar han var vitne til, som grensevakt i Kirkenes under vernepliktstida. For å skremme russarane på andre sida sette den norske kapteinen i scene ei liksomavretting av kokken i kompaniet, fordi han hadde laga vond mat.


Det er likevel truleg tilfeldig at ei av dei fyrste premierene under Stubø sitt regime er Sweeney Todd. Soga om den litt spesielle barberaren og kokken i London, som saman med kona si serverte kundane sine menneskekjøt. Russarane likte i alle fall ikkje så godt grenseepisoden den gongen, så dei klaga, og kapteinen vart omplassert. Skal vi tru Stubø.

SweeneyToddStadsteatern.jpg (850553 bytes)

Foto: Carl Bengtsson, Stockholms stadsteater.  ©


Peter Jöback
og Vanna Rosenberg i rollene som Sweeney Todd og Mrs Lovett i Sweeney Todd. Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street vart opphaveleg  skrive i 1979, med musikk og songtekstar av amerikanaren Stephen Sondheim (født 1930) og med libretto av engelske Hugh Wheeler (1912-1987). Denne svenske versjonen av stykket har premiere 4. desember på Stora scenen, på Stockholms Stadsteater.

.

Foreløpig er det speleplanen til den førre sjefen, Benny Fredriksson, som gjeld. Først i 2015 byrjar Stubø på sine eigne planar for det svenske teatret, skal vi tru Dagens Nyheter. Men som del av oppdraget skal han iscenesetje to framsyningar på Stadsteatern kvart år.

Majoriteten har aldri rett
- Vi skal vere teater for alle stockholmarar, seier Stubø til Dagens Nyheter, og jo fleire som kjem i teatret, jo betre, meiner han. - Men det er ikkje det einaste målet å få så mykje folk i teatret som mogleg, då vert det keisamt. For som Ibsen seier: "Majoriteten har aldri rett". Ein må ta utgangspunkt i det som ein vil fortelje.

I vår set Stubø opp urpremiere av Arne Lygre sitt skodespel Ingenting av meg. Og til hausten set nordmannen igang med den franske klassikaren Bérénice av Jean Racine.

Det er fleire nordmenn i Sverige om dagen: Stubø nemner Alexander Mørk-Eidem si oppsetjing av  Kiplings Djungelboken på Stockholms stadsteater som ein av sine favorittar. Han gler seg også til å sjå Woyzeck på Dramaten i  Michael Thalheimer sin regi.
.

Relaterte linkar:

Kulturhuset Stadsteatern
Eirik Stubø: "Stor publik är inte enda målet" Av Clas Barkman. dn.se 25. november 2013.

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no