AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
12. desember 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Våren i TRONDHEIM
I 2012 vann Svein Tindberg Heddaprisen for beste framsyning med Abrahams barn. Fem år på rad har Tindberg med enkle middel trollbunde publikum, og i Trondheim opnar 2014-sesongen med dette gjestespelet frå Det Norske Teateret. Skodespelet byggjer på tekstar frå jødisk, arabisk og kristen kulturkrins. -  Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman, seier Tindberg.

Tyra Tønnessen har regien for Besøk av gammel dame av Friedrich Dürrenmatt. Der Besuch der alten Dame er den opphavelege tittelen på komedien med tragisk snert og hint av krim frå 1956. Søkkrike Claire Zachanniassen (Marianne Meløy) kjem til den fattige byen Güllen med fullt tenarskap, menn og eksmenn. Ho har også med ein svart panter, og ei likkiste. Byen får eit tilbod, som er krevande både å ta imot og å seie nei til: 1 milliard

AbrahamsBarnTrT1.jpg (49967 bytes)

Foto: Dag Jenssen. Trøndelag Teater.  ©


Gode historier
:  Å fortelje om grunnsteinane i den menneskelige kulturen på scenen kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om arbeidet med Abrahams barn, ifylgje Trøndelag Teater sine nettsider. – Men på den andre sida er det ikkje så komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi oppgåve er å fortelje ei god histore, med glimt i auget. Eg håpar publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman. Må vi ikkje?

Og 14. januar går teppet opp for gjestespelet på Trøndelag Teater.

.

kroner til byen på vilkåret at innbyggjarane tek livet av ekskjæresten hennar, butikkeigar Alfred Ill. Skodespelet har også vore film fleire gongar: Mellom anna som Besöket frå 1964, med Ingrid Bergman i huvudrolla. Spelestart er 8. februar 2014.

Døden og kjærleiken
Men først ute på nyåret er framsyninga Oscar og den rosa damen av Éric-Emmanuel Schmitt. Her gjer også døden seg gjeldande, og livet. Frå 9. januar vert denne "usentimentale historia" som teatret kallar den, spela på Studioscenen. Oscar er ti år og ligg på sjukehus, med vissa om at døden nærmar seg. På sjukehuset jobbar Beste-Rosa og dei to møtes. Saman, gjennom eitpar dagar, utforskar dei to livet i all sitt mangfald.

Valentinsdagen, 14. februar går teatret frå døden til kjærleiken. Heller ikkje det lettaste i verda. Runddans (originaltittel: Reigen) av austerrikaren Arthur Schnitzler (1862-1931) tek utgangspunkt i den virvlande pardansen, der ti par går i ring rundt sin eigen akse, samstundes som dei stemnar framover. Jagar vi etter å bli elska, eller etter sjølve evna til å elske? Kva driv menneska på ny og på ny inn i runddansen etter stadig nye intime møte? Dei engelske namna på dei ti opprinnelege scenane i skodespelet var: 1. The Whore and the Soldier. 2. The Soldier and the Parlor Maid. 3. The Parlor Maid and the Young Gentleman. 4. The Young Gentleman and the Young Wife. 5. The Young Wife and The Husband. 6. The Husband and the Little Miss. 7. The Little Miss and the Poet. 8. The Poet and the Actress. 9. The Actress and the Count 10. The Count and the Whore. Då stykket vart gjeve ut i Wien i 1903 selde boka i 40 000 eksemplar, men vart forboden året etter. I 1922 skreiv grunnleggjaren av psykoanalysen, Sigmund Freud, til Schnitzler at " - du har lært alt gjennom intuisjon - og som eit resultat av sensitiv introspeksjon - alt som eg måtte avdekkje gjennom laboratoriearbeid på andre personar.".

Vårlege løyndomar
Når våren byrjar å ta tak, er det klart for ny musikal i trønderhovudstaden. Trøndelag Teater har fått til eit samarbeid med Cirka Teater og Trondheim Voices om Hundre hemmeligheter av Anne Marit Sæther, som også har regien saman med Kjersti Haugen. 5. april er stykket premiereklart og byr på nytt musikkteater for heile familien. Riksteatret tek seinare framsyninga ut på turné med start i Drammen 29. august.

Mannfolk som blir ensomme, vet ikke hva de skal ta seg til. Ikke kan de sove alene. Ikke kan de spise alene. De kan vel knapt nok skite alene.” Enkja Marianne har byrja å gløyme, men tunga er framleis sylskarp. Og den får enkemannen Per smake, når venninnene Solveig og Lise tek han med seg til damenes faste bridgekveld. Stykket er I grevens tid av Carin Mannheimer i Eli Sørensens regi. Spelestart for komedia er 28. mars 2014.

Men før nyåret er over oss rullar festframsyninga Nøtteknekkeren over scenegolvet i Trondheim, og held fram med det til 30. desember. Og til alle som er mellom 13 og 19 år: Våren 2014 plukkar Unge dramatikarar ut åtte ungdommelege tekstar som skal vidareutviklast til enkle produksjonar og dramalesingar i Teaterkjellaren til Trøndelag Teater.

Relatert link:

Trøndelag Teater


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no