|
|
|
 |
 |
Vanskeleg TRYGGLEIK
Laurdag 10. oktober: Premiere på Helikopter på Nationaltheatret, Amfiscenen.
Stykket som flår oss levande, skal vi tru førehandsomtalen frå teatret. Og satiren
siktar rett inn i den norske tryggleiken: Familien som har sikra seg og barna, mot
absolutt alt.
Og sjølvsagt var det godt meint. Foreldra har gjort alt rett, og sirklar over barna tjuefiresju.
Men lunene til lagnaden kan ingen rå over eller skjerme seg mot. Ein dag skjer noko ingen
av dei såg kunne kome.

|
Foto: Nationaltheatret,
Øyvind Eide. © |
Svart komedie, i kvitt: Ine Jansen, Jonas Strand Gravli
og Trond Espen Seim. Nationaltheatret har henta australsk samtidssatire
om den perfekte familie og sett inn i norsk samanheng. Bilen skulle vere den sikraste,
barnevogna hadde den tryggaste voksiposen, barnesikkert bassengovertrekk og allergivenleg
sofa. Sikra mot alt - bortsett frå det som kom.
|
Vi er i eit villastrok i Oslo. Ho (Ine
Jansen) og Han (Trond Espen Seim) bur i eit dyrt, miljøvenleg hus. Dei et økologisk. Det
første barnet deira vart fødd prematurt og alle verneinstinkta er i sving. Kontrasten er
nær: I nabohuset bur ugandarar som har flykta frå den grusomme krigen. Livet til
familien blir konfrontert med naboane.
«Helikopterforeldre» altså mødre og fedre som etterkvart får
barn som fungerer dårleg, etter å ha blitt passa på for mykje. Sonen er sosialt
utilpass etter å ha fått det psykologane kallar "lært hjelpeløyse".
Og brått skjer det fatale handlingar, med store konsekvensar.
Frå Australia
Dramatikar, teaterinstruktør og «Mammon»-regissør Cecilie Mosli har
omsett det australske samtidsstykket Helikopter av Angela
Betzien. I strevet for tryggleik kan katastrofa kome når vi minst ventar det.
På scenen møter vi Ine Jansen, Trond Espen Seim, Jonas Strand Gravli
og Kingsford Siayor. Regien er ved Cecilie Mosli, med seg har ho Milja
Salovaara (scenografi og kostymer), Martin Myrvold, (lysdesignar), Eva Sharp (maskør) og
Kristian Lykkeslet Strømskag (dramaturg). Stykket varer omlag ein time og førti minutt.
Relatert link:
Helikopter
Nationaltheatret.
NYHETER MELDINGER
Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være
oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|