AKTUELT / Meldinger
(annonse)

Denne side publisert
9. januar 2003

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler
Arkiv
SØK



Ungt og intenst i Stavanger

To premierer på same dag med to intense forestillingar. Slik startar Rogaland Teater nyåret, når teppet går opp for 04:48 Psykose og A Clockwork Orange lørdag 18. januar.

04:48 Psykose handlar om ei ung jente som er innlagt på ein psykiatrisk institusjon. Ho vekslar mellom det dei fleste vil kalle galskap og det som vi gjerne omtaler som det normale. Vi møter henne i samtalar med behandlaren sin og i lange samtalar med seg sjølv. Den unge jenta leitar etter kjærleiken og alt det vakre som livet har å by på, men som ho sjølv ikkje klarar å bli ein del av.

Vonbrotet over ikkje å bli ein del av dette livet blir til slutt så sterkt at ho vel å ta sitt eige liv. Trass i eit tragisk tema byr dramatikaren Sarah Kane også på humoristiske episodar i dette stykket. Instruktør
er Bjørn Ravn Carlsen.

Vald og Beethoven
Anthony Burgess’ framtidsroman A Clockwork Orange er mest kjent gjennom Stanley Kubricks berømde film frå 1971. Oppsetjinga til Rogaland Teater byggjer på sceneversjonen som Burgess laga i 1991. Rogaland Teaters oppsetning bygger på sceneversjonen som Burgess skreiv i 1991. Beethovens tonar set i gang valdelige og erotiske fantasiar hos tenåringen Alex, som han freistar å verkeleggjere.

Burgess skildrar eit framtidssamfunn i romanen sin, eit samfunn der unge valdtek, brukar vald og drep for moro skuld, utan teikn til anger. Instruktør er Roy Lie Jonassen, og mellom dei medverkande er Alf Nordvang, Marika Enstad, og Anders Dale.

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no