AKTUELT / Meldinger
(annonse)

Denne side publisert
26. januar 2003

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler
Arkiv
SØK



Støtte til ungdomsteater

Norsk Kulturråd aukar tilskotet til Nordic Black Theatre (NBT) frå 2,2 til 3,7 millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå Kulturrådet. Tilskotet skal dekkje den samla verksemda til Nordic Black Theatre. Mellom anna inkluderer det eit nytt utviklingsprosjekt for ungdom, som skal erstatte teaterskulen til NBT.

Utviklingsprosjektet, som har tittelen Nordic Black Express, er eit tilbod om opplæring og praksis til teaterinteressert ungdom med minoritetsbakgrunn. Deltakarane skal arbeide seg gjennom eit program med skodespelartrening, worskhops og produksjonsoppbygging. Deltakarane vert rekruttert for to år og får økonomisk støtte i opplæringstida. Tilskotet føreset at NBT opprettar ei styringsgruppe for prosjektet og eit kunsterisk råd.

Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no