|
|
|
 |
 |
Frå Vestfold til Vestbreidda
Gjøglerteatret frå Vestfold reiser til Jerusalem. Stella Polaris har formalisert eit
samarbeid med The Palestinian National Theatre (PNT). Dei skal no arbeide med dei
palestinske skodespelarane, og lage ei forestilling som PNT skal turnere med på
Vestbreidda. Arbeidet med skodespelarane ved PNT starta i haust då Stella Polaris
vitja Aust-Jerusalem. I løpet av arbeidsprosessen fekk dei arabiske skodespelarane ei
innføring i fysisk skodespelararbeid, akrobatikk, balansekunst og sjonglering.
Teaternett formidlar nytt
frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du
er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|