|
|
|
 |
 |
Ny STYRELEIAR i Rogaland
Brit K. S. Rugland er vald til ny styreleiar for Rogaland Teater, heiter det
i ei pressemelding frå teatret.
Rugland har mange styreverv bak seg, og er i dag dagleg leiar i Rugland
Investering AS og Stavanger Investering AS. Ho har erfaring med styrearbeid
frå Statoil, Noregs Bank og Stavanger Aftenblad. Rugland vart vald til
styreleiar på generalforsamling i Rogaland Teater 6.juni i år.
Rugland går på jobben i ein god periode for Rogaland Teater. Teatret hadde
sitt beste publikumstal nokonsinne i 2004: Heile 120 000 besøkande tok turen
innom teatret. Noverandre styreleiar Inger Østensjø har site to år med
leiarvervet, og i alt 9 år som styremedlem.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|