|
|
|
 |
 |
MATS EK byr opp
til dans og russaren Michail Barysjnikov
stiller opp, med premiere 27.august.
Det er mannsrolla i duetten Ställe Barysjnikov har takka ja til,
melder Dagens Nyheter. Oppsetjinga er eit eksperiment frå den svenske
koreografen, og samarbeidet med Ana Laguna som kvinneleg motpart for den
russiske danselegenda fungerer godt, skal vi tru avisa.
- Eg er svært glad for å være her, og arbeide med Mats og Ana, seier
russaren til DN. - Til slutt, for det er aldri for seint. Eg har beundra
Mats lenge. Så det er morosamt at vi kan gjere dette ved avslutninga av
karriera mi.
Det blir premiere på Dansens Hus i Stockholm 27. august. I Noreg er Mats Ek
mellom anna kjend for arbeidet med Cullbergballetten og si moderne
oppsetjing av Svanesjøen og Tornerose.
Relatert link:
Michail Barysjnikov dansar i Stockholm Av Torbjörn Ivarsson. Dagens
Nyheter 1.juni 2007
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|