|
|
|
 |
|
BELGISK dansesjef
Bruno Heynderickx blir ny leiar for Carte
Blanche.
Ifylge ei pressemelding frå Carte Blanche tek belgiaren over leiinga av det
norske nasjonale kompaniet for samtidsdans 1. august 2008. Heynderickx er 38
år og kjem frå jobben som dagleg leiar av CAMPAI, eit internasjonalt agentur
innan samtidsdans og nyskapande teater. Heynderickx har ein allsidig
bakgrunn som dansar i ulike europeiske og amerikanske samtidskompani og har
jobba både som dansar og som administrativ leiar for koreografen Rui Horta.
Ifylgje Carte Blanche har det vore store interesse for leiarstillinga, noko
kompaniet tek som teikn på at dansegruppa har klart å etablere seg som eit
merkenamn utanfor Noreg sine grenser.
Relatert link:
Carte Blanche
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|