|
|
|
 |
|
LØVEBRØL i Teaterkjelleren
Cirka Teater er på vitjing på Trøndelag
Teater.
Cirka Teater er ei profilert fri scenekunstgruppe, kjend for sitt visuelle
teaterspråk. Framsyninga Løvebrøl er retta inn mot barn mellom 3 og
9 år. Det handlar om den vesle løva som likar å leike. For løva er verda
ny, og alt skal oppdagast. Anne Marit Sæther medverkar, har ansvaret for
manus og har regien sjølv, saman med Kjersti Haugen. Tatjana Zaitzow er
ansvarleg for dokker og kostyme. Martin Smidt er komponist, Ragnhild
Faanes musikar, og figurførarar er Anne Marit Sæther og Anna Leymann.
Framsyninga varerer om lag 45 minutt.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|