AKTUELT / Meldinger
(annonse)

Denne side endret
25. august 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger
Artikler

Arkiv
SØK



  BEIRUT i Bergen

Det blir gisseldrama når Den Nationale Scene i Bergen opnar sesongen med irsk samtidsdramatikk. Bjørn Wilberg Andersen, Jon Ketil Johnsen og Gard Skagestad spelar fangar i ein krig dei ikkje forstår.

Iren Frank McGuinness, fødd 29. juli 1953 i Nord-Irland, har fleire teaterstykke bak seg, og er også diktar og omsetjar. Mellom anna har han omsett Rosmersholm, Peer Gynt, Hedda Gabler og Et Dukkehjem av Henrik Ibsen.

Guiness sitt drama Netter i Beirut handlar om tre menn som er tekne som gislar i Beirut, ein amerikanar, ein ire og ein engelskmann. I fylgje DNS handlar stykket om å miste fridomen sin, om kunsten å ta tak i sitt eige liv og om lengten etter ein kopp te. Og om korleis det menneskelege kan oppstå som eit mirakel midt i det heile.

Kim Bjarke har regi på Netter i Beirut, som har premiere på Lille Scene 5. september. Elles ladar Bergen no opp til den store satsinga i haust: Les Miserables.

 

Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no